Informasjon
Ar-genser er ein klassisk raglangenser med røter i norrøn symbolikk. Det karakteristiske mønsteret er inspirert av runa Ar, som også er strikka inn i kvitt nede på bolen. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i fire fargar og kombinerer tradisjonelle element med eit moderne uttrykk.
Genseren blir strikka rundt med raglanfelling og har eit dekorativt fleirfargemønster over bol og erme. Oppskrifta finst i seks størrelsar frå XS til XXL og passar for strikkarar som har litt erfaring med fleirfargestrikk.
Designet passar like godt til kvardags som på hytta eller i naturen. Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Genseren på bilda er i størrelse L.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 97 (102) 106 (111) 116 (120) cm
Heil lengde: 60 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) cm
Halsomkrets: 45 (50) 50 (50) 52 (54) cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 og 4 ½ og rundpinnar nr. 4 og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Rauma Fivel, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 400 mørk grå naturmelert, 400 (400) 400 (450) 450 (450) g
Farge 01 natur, 50 (50) 100 (100) 100 (100) g
Farge 22 mørk oransje, 50 g
Farge 303 fersken melert, 50 g