Om oss
Ferdigstrikka er ein liten, norsk nettbutikk for deg som elskar ull, fargar og gode oppskrifter. Vi utviklar og sel eigendesigna mønster og nøye utvalde garn frå produsentar som Rauma, Hillesvåg, Viking, House of Yarn, DROPS med fleire – alltid med fokus på naturmateriale og god kvalitet. Nettbutikken opna i 2024.
Bak Ferdigstrikka står Vibeke Lauritsen, lektor i nordisk, strikkedesignar og entusiast. Ho har strikka sidan ho var lita, og det blir sagt at ho strikkar i søvne òg. Etter kvart tok ho utdanning i strikkedesignbegynte og begynte å lage sine eigne oppskrifter. Ho brenn for å lage plagg med gode passformer og eit moderne uttrykk – inspirert av alt frå runer til hav og kystlandskap.
Vi er stolte av å tilby oppskrifter på heile fem språk: norsk (på nynorsk), engelsk, dansk, svensk og tysk. Oppskriftene er tilgjengelege både på nettsida vår, på Ravelry og Strikkoteket. Du finn både enkle og meir utfordrande prosjekt, og det er lett å tilpasse modellane etter dine ønskje og behov.
Hos oss finn du ferdigstrikk, strikkepakkar og enkeltoppskrifter – og du kan også bestille ferdigstrikk via Woolit. Ferdigstrikka er dessutan til stades fysisk i Kristiansand, både hjå Designkollektivet med ferdigstrikk og med oppskrifter og garn hos Husfliden og Hobbyhimmelen.
Hausten 2025 kjem den første strikkeboka vår i sal – vi gler oss! Vi er også på jakt etter fleire samarbeidspartnarar som deler vår kjærleik for kvalitet og ull.
Følg gjerne arbeidet vårt på Instagram: @ferdig_strikka