Informasjon
Byfjordgenseren er ein handstrikka raglangenser med eit klassisk flettemønster og eit tidlaust uttrykk. Den lette mohairblandinga gjer genseren mjuk, varm og luftig, samtidig som flettene gir struktur og karakter.
Kvar Byfjordgenser blir handstrikka på bestilling i Dale Kidsilk Erle med to trådar haldne saman. Resultatet er ein eksklusiv genser med låg vekt, høg komfort og eit elegant fall.
Byfjordgenseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget liggande flatt
Plagget blir litt vidare i bruk enn måla tilseier, sidan flettene opnar seg
Overvidde: 78 (82) 86 (90) 93 (97) 101 (104) 108 cm
Heil lengde: 61 (62) 63 (64) 66 (67) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm
Halsomkrets: 37 (41) 41 (41) 43 (43) 43 (45) 45 cm
Strikkefastheit
21,5 masker med flettemønster på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
20 omgangar i høgde = 10 cm
PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter
Farge 9070 Isblå 6 (6) 6 (6) 6 (7) 7 (7) 7 nøste
Strikk med 2 trådar saman.