Informasjon
Christiansandsgenseren oversized er ein romsleg raglangenser i Viking Alpaca Bris, inspirert av historia til Kristiansand og byen sitt opphav. Genseren blir strikka nedanfrå og opp eller ovanfrp og ned med tradisjonell nordisk mønsterstrikk, og hovudmotivet er ei tolking av C4-monogrammet til kong Christian IV. Årstalet 1641 er òg ein del av mønsteret som ein liten historisk detalj. Oppskrifta finst i sju størrelsar frå XS til 3XL. Genseren på bilda er i størrelse S.
Christiansandsgenseren oversized kombinerer lokal historie med eit moderne og avslappa uttrykk. Den romslege passforma gir ein komfortabel genser som passar like godt til kvardags, turar og kjølege dagar. Viking Alpaca Bris gir eit mjukt, lett og varmt plagg, medan dei store C4-motiva og årstalet 1641 skaper eit særprega design. Oppskrifta inneheld både framgangsmåte for å strikke genseren nedanfrå og opp og ovanfrå og ned.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 105 (112) 120 (127) 135 (143) 150 cm
Heil lengde: 64 (66) 67 (69) 70 (71) 73 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 ½ og rundpinnar nr. 6 (40 og 80 cm)
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Bris, 60 % baby alpaca, 11 % merino, 29 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 362 Cerise, 100 g
Farge 307 Beige, 300 (350) 350 (350) 350 (400) 400 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.