Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Ny

Langenes-genser (oppskrift)

99,-

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Langenes-genseren er ein mjuk og lettstrikka genser i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Genseren blir strikka nedanfrå og opp i perlestrikk med halvlange erme og breie striper. Oppskrifta finst i seks størrelsar frå XS til 2XL. Genserane på bilda er i størrelse S og L.

Langenes-genseren kombinerer mjuke kvalitetar med eit enkelt og tidlaust design. Fargane er inspirerte av hav, svaberg og lyse sommardagar på Sørlandet, og passar like godt i duse som i sterke fargekombinasjonar. Perlestrikken gir eit vakkert og levande uttrykk, medan den avslappa passforma gjer genseren komfortabel til både kvardagsbruk, sommarkveldar og kjølege dagar året rundt. Oppskrifta passar både for deg som ønskjer å lære perlestrikk og for meir erfarne strikkarar som vil ha eit avslappande prosjekt.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, tysk og engelsk.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (2XL)

 

Mål på plagget

Overvidde: 93 (100) 107 (114) 121 (128) cm

Heil lengde: Ca 60 cm

Ermelengde: 25 cm

Halsomkrets: 56 (57) 59 (60) 61 (62)

 

Strikkefastheit

14 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm

24 omgangar i høgde = 10 cm

Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½, 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.

Farge 2621 Beige 2 (2) 2 (3) 3 (3)

Farge 9044 Pink Flamingo, alternativt. 9041 Denim 2 (2) 3 (3) 3 (3)

Strikk med 2 trådar saman.

Produsent

House of Yarn

House of Yarn er en av Norges største leverandører av garn, strikkedesign og tilbehør. De står bak flere kjente garnmerker, inkludert Dale Garn, Du Store Alpakka, Gjestal Garn og Camilla Pihl Garn, og tilbyr et bredt utvalg av kvalitetsgarn til enhver smak og stil.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed