Informasjon
Morgondis-genser i DROPS Kid-Silk og Flora.
Morgondis er ein mjuk og luftig genser med eit enkelt, tidlaust design. Dei smale stripene gir genseren eit fint særpreg, medan den klassiske fasongen gjer han lett å kombinere med resten av garderoben.
Genseren blir strikka med éin tråd DROPS Flora og éin tråd DROPS Kid-Silk saman. Garnkombinasjonen gir eit lett og behageleg plagg som er både lunt og mjukt.
Morgondis blir strikka nedanfrå og opp med raglanfelling og har ein dobbel halskant som blir bretta inn og sydd fast.
Modellen på bildet er i størrelse L. Oppskrifta finst på norsk, engelsk, svensk, dansk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 103 (111) 118 (126) cm
Heil lengde: 60 (62) 64 (65) 68 (71) cm
Ermelengde: 42 (44) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets: 42 (46) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
21 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Flora, 65% ull, 35% alpakka. Løpelengde pr nøste 50 gram = 210 meter
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr nøste 25 gram = 200 meter
DROPS Flora
Farge 01 natur, 200 (250) 250 (250) 250 (300) g
Farge 25 karamell, 50 g
DROPS Kid-Silk
Farge 01 natur, 25 g
Farge 50 karamell, 100 (100) 125 (125) 125 (150) g
Strikk med 2 trådar saman gjennom heile arbeidet.