Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Terneholmen-genser (strikkepakke)

687,-

Størrelser

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Terneholmen-genser er ein flott raglangenser strikka i Bæstmor, Limbo in London frå House of Yarn. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen. Strikkepakka er i Viking Alpaca Bris.

Det stilreine mønsteret langs bol og erme gir genseren eit klassisk nordisk uttrykk, medan den mjuke blandinga av alpakka, ull og nylon gjer genseren både varm, lett og slitesterk. Genseren passar like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Ved hjelp av garnveljaren kan du enkelt setje saman dine eigne fargekombinasjonar.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.

Størrelsar

XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm

Heil lengde: 62(64) 65 (67) 68 (69)   71 cm

Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49)  49 cm

Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm

 

Strikkefastheit

18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm

21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm

 

Pinnar  

Strømpepinnar nr. 3 ½  og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter

Farge 409 Denim, 300 (350) 350 (400) 400 (450) 450 g

Farge 426 Blue dots, 50 g

Alternativt garn: Viking Alpaca Bris 323 Blå og 302 Natur eller DROPS Air 16 Blå og 01 Natur.

 

NEDANFRÅ OG OPP

Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.

 

OVANFRÅ OG NED

Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed