Informasjon
Torvefjorden-genser er ein klassisk og nydeleg raglangenser med små fletter, strikka ovanfrå og ned i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Oppskrifta finst i ni størrelsar, og genseren på bilda er strikka i størrelse L.
Det gjennomgåande flettemønsteret gir genseren eit elegant og tidlaust uttrykk, medan den mjuke blandinga av mohair, silke og ull skaper eit lett, varmt og behageleg plagg. Genseren passar like godt til jeans som over kjole eller skjørt og kan brukast gjennom store delar av året. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i flettestrikk og raglanauking.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (88) 92 (96) 100 (104) 108 (112) 116 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (68) 69 cm
Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm
Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm
Strikkefastheit
20 masker med flettemønster på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
20 omgangar i høgde = 10 cm
PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Farge 3502 Lys grå 5 (5) 6 (6) 6 (7) 7 (8) 8
Strikk med 2 trådar saman.