scrollToTab($el, previousTop)) }" class="flex justify-between cursor-pointer text-xl mb-2 py-2 __description_tab"> Informasjon
Varen-genser
Varen-genseren er ein varm og god barnegenser med dekorative mønsterbordar i harmoniske blå- og gråtonar. Genseren har eit tidlaust uttrykk og passar like godt til kvardags som til turar og leik ute.
Genseren er strikka i Blåne og Troll frå Hillesvåg, begge i 100 % norsk ull. Garnet gir ein lun og slitesterk genser som passar godt til kjølege dagar.
Varen-genseren blir strikka nedanfrå og opp, med raglanfelling på berestykket. Oppskrifta inneheld diagram og forklaringar til alle størrelsane.
Størrelsar: 2 (4) 6 (8) 10 (12) år
Overvidde: 64 (68) 73 (77) 81 (86) cm
Heil lengde: 36 (40) 45 (50) 54 (58) cm
Ermelengde: 24 (27) 31 (35) 38 (40) cm
Garn: Hillesvåg Blåne og Troll, 100 % norsk ull
Strikkefastheit: 14 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
Pinnar: Nr. 4,5 og 6
Garn og garnmengde:
Blåne, petrol: 100 (200) 200 (200) 200 (200) g
Blåne, naturgrå: 100 (200) 200 (200) 200 (200) g
Troll, lys grå: 100 (100) 100 (200) 200 (200) g
Oppskrifta blir levert digitalt som PDF.