Informasjon
Vige-genser er ein florlett raglangenser strikka ovanfrå og ned i Rauma Plum med korte, vide erme. Genseren på bildet er i størrelse M og veg berre 94 gram. Oppskrifta finst i ni størrelsar.
Den mjuke mohairkvaliteten gir eit lett og luftigt plagg med eit moderne uttrykk. Dei vide ermene og den vide halsen gjer genseren både komfortabel og elegant, medan raglankonstruksjonen gir ei god passform. Vige-genser passar like godt til jeans som over eit skjørt eller ein kjole, og er eit plagg du kjem til å bruke gjennom store delar av året. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanauking og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Alternativt garn Sandnes silk mohair, 5835 og 6081
Andre: DROPS kid-silk Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 91 (96) 100 (105) 113 (116) 118 (122) 127 cm
Heil lengde: 51 (53) 55 (57) 58 (59) 60 (61) 62 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 19 cm
Halsomkrets: 53 (56) 58 (60) 62 (62) 62 (62) 64 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
26 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Rauma Plum, 70 % super kid mohair, 30 % polyamid. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 250 meter.
Strikk med 2 trådar saman.
Garnmengde
Farge 076 Gråblå 50 g – bruk opp denne fargen
Farge 116 Marine, 50 (50) 50 (50) 75 (75) 75 (75) 75 g
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.