Informasjon
Afterski-genser er ein fargerik og leiken genser med tydeleg afterski-stemning. Det karakteristiske mønsteret med teksten «Best på Afterski» gjer genseren til eit blikkfang både på fjellet og til kvardags.
Kvar Afterski-genser blir strikka for hand på bestilling. Genseren er varm, mjuk og komfortabel, og eignar seg perfekt til kalde vinterdagar, skiturar, hytteliv og afterski.
Mange fargekombinasjonar er mogelege utover dei som er viste på bilda. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer tilpassingar eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Alternativt garn er Viking Alpaca Bris 362 Cerise, 361 Rosa og 307 Beige som er garnet du får genseren i.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (113) 120 (127) 134 cm
Heil lengde: 60(62) 63 (65) 66 (67) 69 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar mønsterstrikk i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Limbo in London, 35 % alpakka, 37 % ull, 28 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 416 Jazzy pink, 100 (100) 100 (100) 100 (150) 150 g
Farge 414 Flamingo, 150 (150) 150 (150) 150 (150) 200 g
Farge 404 Light Beige, 150 (150) 200 (200) 200 (200) 200 g
Alternativt garn er Viking Alpaca Bris 362 Cerise, 361 Rosa og 306 Sand eller DROPS Air 14 Lyng, 24 Rosa og 55 Lys beige.
I tillegg treng du ca 1 nøste til å strikke den lause halsen.
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.