Informasjon
As-genser er ein lettstrikka og chunky raglangenser i Rauma Tjukk Mohair. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med vide vrangbordar som gir eit moderne og avslappa uttrykk. Namnet As kjem frå ei rune som også har inspirert mønsteret på genseren.
Kvar As-genser blir strikka for hand på bestilling. Det mjuke mohairgarnet gjer genseren lett, lun og behageleg å ha på, samtidig som den har eit eksklusivt uttrykk.
Det er mogleg å bestille andre fargekombinasjonar enn dei som er viste på bilda. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer tilpassingar eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Genseren på bildet er strikka i størrelse L.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (110) 115 (120) cm
Heil lengde: 59 (60) 63 (64) 66 (67) cm
Ermer: 43 (45) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets 42 (45) 45 (47) 48 (50) cm
Strikkefastheit
12 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
15 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Rundpinne nr. 6, 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Rauma Tjukk Mohair, 88% mohair, 5 % polyamid, 7 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 071 himmelblå,200 (200) 200 (250) 250 (250) g
Farge 175 pudder,100 (100) 100 (150) 150 (150) g