Informasjon
As-genser er ein lettstrikka og chunky raglangenser i Rauma Tjukk Mohair. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med vide vrangbordar som gir eit moderne og avslappa uttrykk. Namnet As kjem frå ei rune som også har inspirert mønsteret på genseren.
Genseren blir strikka rundt med raglanfelling og eit enkelt fleirfargemønster over bol og erme. Det luftige mohairgarnet gir ein mjuk, lett og varm genser som passar både til kvardags og fest. Oppskrifta finst i størrelsane XS til XXL.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (110) 115 (120) cm
Heil lengde: 59 (60) 63 (64) 66 (67) cm
Ermer: 43 (45) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets 42 (45) 45 (47) 48 (50) cm
Strikkefastheit
12 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
15 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Rundpinne nr. 6, 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Rauma Tjukk Mohair, 88% mohair, 5 % polyamid, 7 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 071 himmelblå,200 (200) 200 (250) 250 (250) g
Farge 175 pudder,100 (100) 100 (150) 150 (150) g