Informasjon
Bragdøgenseren er ein mjuk og fargerik raglangenser med eit karakteristisk nordisk mønster inspirert av kystlandskapet på Bragdøya utanfor Kristiansand. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med saumlaust raglanberestykke og har eit tidlaust uttrykk som passar like godt til kvardag som på tur.
Oppskrifta er utvikla for Viking Alpaca Bris og finst i åtte størrelsar frå XXS til 3XL. Den detaljerte oppskrifta inneheld diagram, mål og garnmengder, og kan også strikkast i DROPS Air dersom du ønskjer eit alternativt garn.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 102 (110) 117 (124) 132 (139) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 66 (67) 69 (71) cm
Ermelengde: 42 (43) 44 (45) 46 (47) 48 (49) cm
Halsomkrets ca: 46 (47) 49 (49) 50 (50) 51 (52) cm
Strikkefastheit
16,5 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 50 gram, 60 % babyalpakka, 11 merino, 29% nylon, løpelengde 150 meter
Drops Air er alternativt garn.
Garnmengde
Farge 302 natur, 200 (200) 200 (250) 250 (250) 250 (300) g
Farge 328 lys turkis, 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Farge 329 turkis, 100 (100) 100 (100) 150 (150) 150 (150) g
Farge 331, lys petrol 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 (100) g