Informasjon
Christiansandsgenseren er ei strikkepakke som inneheld garn frå Viking Alpaca Storm i dei fargane og mengdene du treng til den valde størrelsen, samt den digitale oppskrifta. Garnet består av superfine alpakka, merinoull og nylon, og gir ein mjuk, varm og slitesterk genser med eit jamt og fint maskebilete.
Christiansandsgenseren kombinerer tradisjonell nordisk mønsterstrikk med lokal historie og passar like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar. Strikkepakka gjer det enkelt å komme i gang med eit plagg som både fortel ei historie og kan bli ein varig favoritt i garderoben.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5XL
Mål på plagget
Overvidde: 86 (91) 97 (103) 109 (114) 120 (126) 132 cm
Heil lengde: 60 (62) 65 (67) 69 (70) 71 (73) 74 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 44 (44) 47 (47) 49 (49) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3,5 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 502 Natur, 400 (400) 400 (450) 450 (500) 500 (550) 550 g
Farge 526 Marineblå, 100 g