Informasjon
Christiansandsgenseren oversized er ein handstrikka raglangenser i Viking Alpaca Bris, inspirert av historia til Kristiansand og byen sitt opphav. Dei store C4-monogramma og årstalet 1641 gir genseren eit særprega uttrykk med sterk lokal forankring. Kvar genser blir handstrikka på bestilling.
Viking Alpaca Bris gir ein mjuk, lett og varm genser som eignar seg like godt til kvardagsbruk som til turar og kjølege dagar. Den romslege passforma og den tradisjonelle mønsterstrikken gjer dette til eit moderne plagg med eit tidlaust uttrykk. Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 105 (112) 120 (127) 135 (143) 150 cm
Heil lengde: 64 (66) 67 (69) 70 (71) 73 cm
Ermelengde: 43 (45) 46 (47) 48 (49) 49 cm
Halsomkrets: 51 (51) 53 (53) 55 (57) 57 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 ½ og rundpinnar nr. 6 (40 og 80 cm)
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Bris, 60 % baby alpaca, 11 % merino, 29 % nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 362 Cerise, 100 g
Farge 307 Beige, 300 (350) 350 (350) 350 (400) 400 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.