Informasjon
Chunky Bjarkan-genser er ein handstrikka raglangenser med eit tidlaust nordisk uttrykk. Inspirert av Bjarkan-runa i den eldre futharken kombinerer designet tradisjonell mønsterstrikk med ein moderne chunky passform. Resultatet er ein varm og komfortabel genser som passar like godt til kvardags som på hytta, i byen eller på fjellet.
Kvar Chunky Bjarkan-genser blir handstrikka på bestilling med éin tråd Rauma Finull og éin tråd DROPS Kid-Silk. Kombinasjonen av norsk ull, mohair og silke gir ein mjuk, varm og slitesterk genser med låg vekt og høg komfort.
Chunky Bjarkan-genser kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Mål på plagget
Overvidde: 97 (106) 114 (123) 131 (140) cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (61) 64 (65) cm
Ermelengde 42 (44) 46 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 46 ½ (50 ½) 52 ½ (54 ½) 54 ½ (54 ½) cm
Strikkefastheit
19 m x 24 p glattstrikk på p nr. 4 ½ mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 3 ½ (40 cm) og rundpinne nr. 4 ½ (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Sandnes Tynn Silk Mohair, 57 % mohair, 28 % silke, 15 % ull, løpelengde pr. nøste 25 gram = 212 meter
Rauma finull
4127 Petrol mørkmelert, 200 (250) 300 (300) 350 (350) g
0401 Natur, 100 g
DROPS Kid-Silk
01 Natur, 25 (50) 50 (50) 50 (50) g
24 Petrol, 100 (100) 125 (125) 125 (125) g