Informasjon
Dybingen-genseren er ein fantastisk mjuk og komfortabel genser med eit karakteristisk mønster inspirert av hjarteformer. Han blir strikka i Viking Alpaca Bris og Viking Alpaca Bris Multi, nedanfrå og opp med saumlaus raglanfelling. Oppskrifta finst i 7 størrelsar, og modellen på bileta har på seg størrelse M.
Mønsteret blir bygd opp av tre diagram som går sømlaust frå bol og erme og vidare over berestykket. Den luftige alpakka- og merinoblandinga gir ein lett, varm og svært mjuk genser med eit tidlaust uttrykk. Oppskrifta passar for strikkarar som har litt erfaring med mønsterstrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 95 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 55 (57) 58 (60) 62 (65) 67 cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (48) (49) cm
Hals: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % babyalpakka, 33% merino, 25% nylon. Løpelengde pr nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
farge 313 grå, 200 (250) 250 (300) 300 (300) 350 g
Viking Alpaca Bris Multi,
farge 368 rød multi, 100 (100) 100 (200) 200 (200) 200 g
Drops AIR og HOY, Bæstmor Limbo in London er alternative garn.