Informasjon
Fantholmen-genseren er ein handstrikka raglangenser med eit klassisk nordisk mønster og eit tidlaust uttrykk. Dei fem fargane i bærestykket skaper eit levande design, medan Viking Wool i 100 % Highland merinoull gir ein varm, mjuk og slitesterk genser som passar gjennom store delar av året.
Kvar Fantholmen-genser blir handstrikka på bestilling med stor omsorg for kvalitet og detaljar. Den saumlause raglankonstruksjonen gir god rørslefridom og ei komfortabel passform.
Fantholmen-genseren kan bestillast i mange andre fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer eigne fargekombinasjonar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (93) 101 (110) 118 (126) 135 cm
Heil lengde: 58(60) 62 (64) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 42 (44) 46 (48) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
19 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Viking Wool, 100 % Highland merinoull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 509 Beige, 400 (450) 450 (500) 500 (550) 550 g
Farge 502 Naturhvit, 50 g
Farge 534 Grønn, 50 g
Farge 517 Koks, 50 g
Farge 536 Marine, 50 g