Informasjon
Fe-genseren er ein smakfull og klassisk genser med rundfelling og eit fleirfarga mønster inspirert av norrøn design. Han blir strikka nedanfrå og opp i DROPS Alaska med rundfelling i seks fargar. Oppskrifta finst i 6 størrelsar, og genseren på bilda er i størrelse S.
Det karakteristiske mønsteret over bol, erme og berestykke gir genseren eit tidlaust nordisk uttrykk, og dei mange fargane opnar for eit stort utval fargekombinasjonar. DROPS Alaska i 100 % ull gir ein varm, slitesterk og komfortabel genser som eignar seg godt til kjølege dagar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og rundfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 92 (96) 100 (104) 108 (113) cm
Heil lengde: 60 (62) 64 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 45 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 40 (42) 45 (45 ) 46 (47) cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Drops Alaska, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 70 meter
63 Perlegrå (Pearl Grey), 500 (550) 600 (650) 700 (750) g
52 Petrol (Dark Turquoise), 100 g
64 Nordsjø (North Sea), 100 g
05 Grå melert (Dark Grey), 100 g
65 Salviegrønn (Light Sea Green), 100 g
04 Grå (Grey), 100 g