Informasjon
Fiskesprellgenser er ein handstrikka genser som kombinerer mjuk komfort med eit maritimt design. Det store fiskemotivet skaper eit personleg og levande uttrykk, medan Viking Alpaca Bris gjer genseren lett, varm og svært behageleg å bruke.
Kvar Fiskesprellgenser blir handstrikka på bestilling med stor vekt på kvalitet og godt handverk. Den saumlause raglankonstruksjonen gir ei fin passform og eit reint uttrykk utan unødvendige saumar.
Fiskesprellgenser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 80 (88) 95 (104) 112 (120) 128 cm
Heil lengde: 59 (61) 62 (64) 67 (69) 71 cm
Ermelengde: 41 (42) 44 (46) 47 (48) 49 cm
Halsomkrets: 46 (47) 53 (54) 55 (56) cm
Strikkefastheit
17,5 m på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% Baby Alpakka, 11% Merinoull, 29% Nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Viking Alpaca Bris Multi, 42 % babyalpakka, 33% merino, 25% nylon. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 270 meter
Garnmengde
Viking Alpaca Bris
farge 302 natur, 100 g
Viking Alpaca Bris Multi,
farge 321 blå grå multi, 200 (200) 300 (300) 300 (300) 400 g