Informasjon
Fiskestimgenser til barn er ein mjuk og lun barnegenser med eit karakteristisk fiskestim som hovudmotiv. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med brei raglan i Viking Wool. Fiskestimen i bolen er 38 omgangar pirkearbeid, medan resten av genseren er plankekøyring. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå 2 til 12 år, og genseren på bilda er i størrelse 10 år. Designet finst også i tre variantar for vaksne.
Det karakteristiske fiskestimet over bolen blir kombinert med små fiskemotiv på erma og gir genseren eit maritimt og tidlaust uttrykk. Viking Wool i 100 % Highland merinoull gir ein varm, slitesterk og komfortabel genser som eignar seg godt både til leik, barnehage, skule og friluftsliv. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar
2 (4) 6 (8) 10 (12)
Mål på plagget
Overvidde: 62 (66) 70 (76) 80 (85) cm
Heil lengde: 36 (40) 44 (49) 54 (56) cm
Ermelengde: 24 (27) 31 (35) 38 (40) cm
Halsomkrets: 37 (37) 39 (40) 40 (41) cm
Strikkefastheit
19 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm 24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Viking Wool, 100 % Highland merinoull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 526 marine, 200 (250) 250 (300) 300 (350) g
Farge 502 naturhvit, 50 g