Informasjon
Furuholmen-genser er ein handstrikka oversized genser med eit tidlaust og nordisk uttrykk. Den mjuke kvaliteten i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor kombinert med den høge halsen og den romslege passforma gjer genseren både varm og komfortabel.
Kvar Furuholmen-genser blir handstrikka på bestilling i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor. Den saumlause raglankonstruksjonen og den oversized passforma gjer genseren komfortabel og slitesterk, perfekt til kjølege dagar året rundt.
Furuholmen-genser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4 XL
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 111 (117) 123 (129) 135 (141) 148 cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 67 (68) 69 (71) 72) cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (47) 48 (49) 49
Hals: 49 (52) 52 (52) 55 (55) 58 (58) 60 cm
Strikkefastheit
13 masker på pinne nr. 7 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 5 og 7 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor 100 % ull. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 110 meter
Garnmengde
Farge 8002 Off white, 700 (700) 700 (800) 800 (800) 900 (900) 1000 g
Farge 8005 Light grey, 100 g
Farge 8003 Black, 100 g
Farge 8004 Grey, 100 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.