Informasjon
Gleodden-genser er ein varm raglangenser strikka i Hillesvåg Varde og Vidde. Det fargerike mønsteret over berestykket kombinert med dekorative border gir genseren eit klassisk uttrykk inspirert av norske strikketradisjonar.
Denne strikkepakka inneheld garn til vald størrelse og digital oppskrift til Gleodden-genser. Genseren blir strikka saumlaust nedanfrå og opp med raglanfelling. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i mønsterstrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, dansk, svensk og tysk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 94 (100) 107 (113) 120 (126) 133 cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Hals: 47 (49) 49 (51) 51 (53) 55 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Hillesvåg Varde, norsk pelsullgarn, 100% rein ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Hillesvåg Vidde, norsk lamullgarn, 100% norsk ull, løpelengde pr. nøste 100 gram = ca 200 meter
Varde
Farge 2118 mørk olivengrønn, 300 (400) 400 (400) 500 (500) 500 g
Farge 2109 svart, 100 g
Farge 2101 beige, 100 g
Vidde
Farge 330 kobber, 100 g
Farge 335 oransje, 100 g