Informasjon
Hattholmen-genser med raglan er ein handstrikka genser med eit mjukt og tidlaust uttrykk. Viking Alpaca Storm, med superfine alpakka, merinoull og nylon, gir eit varmt, lett og slitesterkt plagg med god komfort.
Kvar Hattholmen-genser med raglan blir handstrikka på bestilling i Viking Alpaca Storm. Det stilreine mønsteret er inspirert av Hattholmen fyr og dei små fyrlyktene langs Sørlandskysten, og gir genseren eit klassisk nordisk uttrykk.
Hattholmen-genser med raglan kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (91) 98 (106) 113 (120) 127 cm
Heil lengde: 58 (59) 61 (63) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 cm
Halsomkrets: 51 (53) 53 (55) 55 (56) 57 cm
Strikkefastheit
22 m x 24 pinnar mønsterstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g
= 133 m
Farge 502 Natur 300 (350) 350 (350) 400 (400) 450 g
Farge 526 Marine, 150 (200) 200 (200) 250 (250) 250 g
Alternativt garn: Alpakka wool frå DSA og Lace Kid Mohair frå Gjesdal garn.
Du kan strikke genseren på 2 måtar:
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.