Informasjon
Himmel og hav-genser er ein raglangenser strikka nedanfrå og opp i Rauma Fivel. Genseren blir strikka i fire fargar og har dekorative motiv av krabber, fisk og fuglar. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå XS til XXL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Mønstera er inspirerte av livet langs kysten, med krabber langs kanten, fisk over bolen og fuglar rundt bærestykket. Rauma Fivel er eit 100 % norsk ullgarn som gir ein varm og slitesterk genser med flott struktur. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i fleirfargestrikk og raglanfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk og engelsk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 85 (94) 103 (113) 122 (132) cm
Heil lengde: 59 (61) 63 (65) 67 (68) cm
Ermelengde: 44 (46) 47 (48) 48 (49) cm
Hals: 49 (54) 54 (56) 56 (59) cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Rauma Fivel, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 09 marineblå, 400 (450) 450 (500) 500 (550) g
Farge 01 natur, 50 g
Farge 303 fersken melert, 50 g
Farge 404 kobbermelert, 50 g