Informasjon
Is-genser barn er Ferdigstrikka sin variant av den tradisjonelle islenderen. Genseren er strikka med brei raglan nedanfrå og opp i DROPS Karisma. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå 2 til 12 år. Genseren på bilda er strikka i størrelse 4 år.
Det enkle tofarga mønsteret gir genseren eit klassisk og tidlaust uttrykk som passar like godt til barnehage og skule som til tur og leik. Genseren blir strikka rundt utan sidesaumar og har brei raglanfelling som gir god rørslefridom. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
2 (4) 6 (8) 10 (12)
Mål på plagget
Overvidde: 60 (64) 68 (76) 80 (84) cm
Heil lengde: 35 (40) 44 (49) 53 (57) cm
Ermelengde: 24 (27) 31 (34) 37 (39) cm
Halsomkrets: 36 (36) 38 (40) 42 (44) cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 og 4 på rundpinnar 40 og 60 cm
Garn og garnmengde
DROPS Karisma, 100 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram =100 meter
Farge 53 koksgrå, 200 (200) 250 (250) 300 (350) g
Farge 50 sjøgrønn, 100 (100) 100 (100) 150 (150) g