Informasjon
Is-genser er ein handstrikka klassikar inspirert av den tradisjonelle islenderen. Den blir strikka i DROPS Karisma, eit mjukt og slitesterkt ullgarn som gjer genseren varm, komfortabel og godt eigna til bruk gjennom heile den kalde årstida.
Kvar Is-genser blir handstrikka på bestilling. Det enkle tofarga mønsteret og den breie raglanen gir genseren eit tidlaust uttrykk som passar både til kvardag, friluftsliv og hytteturar.
Is-genser kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar, tilpassa mål eller har spørsmål om størrelse og leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 104 (112) 120 (128) cm
Heil lengde: 58 (60) 62 (64) 66 (68) cm
Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 48 (49) cm
Halsomkrets: 46 (48) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Karisma, 100 % ull, løpelengde pr. nøste 50 gram =100 meter
Farge 53 koksgrå, 350 (400) 450 (500) 550 (600) g
Farge 50 sjøgrønn, 150 (200) 200 (250) 250 (300) g