Informasjon
Kalvø-genser er ein chunky raglangenser strikka nedanfrå og opp i Lieve Mondial. Genseren har høg hals med I-cord kant og eit enkelt mønster strikka i tre fargar. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå XS til XXL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M. Han blir litt vidare ved bruk, og designet opnar for mange ulike fargekombinasjonar.
Den luftige kid mohairen gir genseren eit mjukt, lett og eksklusivt uttrykk, medan det enkle mønsteret skaper eit moderne og tidlaust design. Den karakteristiske høge halsen med I-cord kant gir ei fin avslutning på plagget. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanfelling, mønsterstrikk og I-cord avfelling.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 48 (50) 50 (55) 55 (55) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
70 Mint, 150 (200) 200 (200) 250 (250) g
186 Sjøgrønn, 100 (100) 100 (150) 150 (150) g
333 Oransje, 50 g
PS! Bilda viser litt andre fargenyansar enn fargane i oppskrifta.