Informasjon
Kamskjellgenser er ein mjuk oversized genser med eit dekorativt kamskjellmønster rundt bolen. Strikkepakka inneheld Viking Alpaca Bris, eit lett og luftigt garn som gir ein varm og behageleg genser med flott fall.
Denne strikkepakka inneheld garn til vald størrelse i Viking Alpaca Bris og digital oppskrift til Kamskjellgenser. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned med raglan. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan, mønsterstrikk og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (100) 113 (125) 138 (150) cm
Heil lengde: 58 (60) 61 (63) 65 (68) cm
Ermelengde: 41 (43) 45 (46) 47 (48) cm
Hals: 50 (50) 50 (55) 55 (60) cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
OBS! Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.
Garnmengde
Farge 307 beige, 300 (350) 350 (400) 400 (450) g
Farge 308 brun, 50 g