Informasjon
Kaun-genser er ein kjapp og lettstrikka genser med raglan og breie stripar, strikka med 2 trådar DROPS Brushed Alpaca Silk. Genseren blir strikka nedanfrå og opp på tjukke pinnar og er eit lett og luftig plagg i 9 størrelsar frå XXS til 4XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse M og veg berre om lag 170 gram.
Dei breie stripane gir Kaun-genser eit moderne og avslappa uttrykk, medan den lette blandinga av alpakka og silke gjer genseren mjuk, varm og nesten vektlaus. Genseren blir strikka rundt utan sidesaumar, noko som gir eit jamt og fint resultat. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 84 (92) 101 (109) 117 (126) 134 (143) 151 cm
Heil lengde: 52 (54) 56 (57) 58 (59) 61 (62) 63 cm
Ermelengde: 42 (43) 44 (46) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Halsomkrets: 50 (50) 55 (55) 55 (55) 63 (63) 63 cm
Strikkefastheit
9,5 masker på pinne nr. 8 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Rundpinnar nr. 6 og nr. 8, 40 og 80 cm
Garn
DROPS Brushed Alpaca Silk, 25 g 77% alpakka, 23% silke, løpelengde pr. nøste 25 gram = 140 meter.
Strikk med 2 trådar.
Garnmengde
Farge 02 lys grå, 75 (75) 75 (75) 75 (75) 100 (100) 100 g
Farge 04 lys beige, 50g
Farge 01 natur 50g,
Farge 05 beige, 25 (25) 25 (25) 25 (25) 50 (50) 50 g
Farge 13 jeansblå, 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50 (50) 50 g