Informasjon
Kinn-genser er ein behageleg og mjuk genser strikka i Sandnes Poppy. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med brei raglan og er tilgjengeleg i 9 størrelsar frå XXS til 4XL. Genseren på bilda er strikka i størrelse L.
Den enkle mønsterborda gir Kinn-genser eit roleg og tidlaust uttrykk, medan Sandnes Poppy gjer plagget lett, mjukt og luftig. Genseren blir strikka rundt med saumfritt berestykke, og den lange vrangborden i halsen gir eit varmt og komfortabelt preg. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 87 (93) 100 (107) 113 (120) 127 (133) 140 cm
Heil lengde: 56 (57) 59 (60) 62 (63) 64 (65) 66 cm
Ermelengde: 42 (42) 43 (44) 45 (46) 47 (48) 48 cm
Halsomkrets: 43 (44) 45 (48) 49 (49) 50 (51 ½) 53 cm
Strikkefastheit
15 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Merk! Ver obs på at strikkefastheita kan bli endra når du kjem til diagrammet. Viss du strikkar stramt, skifter du til pinnar nr. 6 ½ i mønsterdelen og bruker pinnar nr. 6 når det er glattstrikk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Sandnes Poppy, 50 % superfine alpakka, 35% bomull, 15 merino, løpelengde pr. nøste 50 gram = 110 meter
Garnmengde
Farge 8733 spring green, 50 (50) 50 (50) 50 (50) 100 (100) 100 g
Farge 2311 autumn leaf, 350 (400) 400 (400) 400 (450) 450 (450) 500 g
Produsent
Sandnes garn
Sandnes Garn er en av Nordens ledende garnprodusenter, kjent for sine høykvalitets garn laget av ull, alpakka, bomull og silke. Med en historie som strekker seg tilbake til 1888, kombinerer de tradisjon og innovasjon for å skape garn som passer til både klassiske og moderne strikkeprosjekter.