Informasjon
Kuholmen-genser er ein flott, oversized genser strikka i Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor-garn frå House of Yarn. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp og ovanfrå og ned med raglan. Oppskrifta finst i 9 størrelsar, og genseren på bilda er strikka i størrelse M.
Det enkle mønsteret rundt bærestykket gir genseren eit moderne og tidlaust uttrykk. Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor er eit mjukt og fyldig garn i 100 % ull som gir ein varm, lett og komfortabel genser med flott struktur. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4 XL
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 111 (117) 123 (129) 135 (141) 148 cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 67 (68) 69 (71) 72) cm
Ermelengde: 40 (42) 44 (45) 46 (47) 48 (49) 49
Hals: 49 (52) 52 (52) 55 (55) 58 (58) 60 cm
Strikkefastheit
13 masker på pinne nr. 7 = 10 cm
16 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 5 og 7 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Hitchhiking in Himalaya, Bæstmor 100 % ull. Løpelengde pr. nøste 100 gram = 110 meter
Garnmengde
Farge 8002 Off white, 100 g
Farge 8005 Light grey, 700 (700) 700 (800) 800 (800) 900 (900) 900 g
Farge 8003 Black, 100 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.