Informasjon
Langenes-genseren er ein handstrikka genser i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle med breie striper, perlestrikk, halvlange erme og ei avslappa passform. Den mjuke garnblandinga av mohair, silke og ull gir eit lett og eksklusivt plagg som kjennest behageleg mot huda. Kvar genser blir handstrikka på bestilling.
Langenes-genseren har ei avslappa passform og eit tidlaust uttrykk som gjer han enkel å kombinere med både jeans, shorts, skjørt eller over ein kjole. Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken. Skriv i kommentarfeltet om du vil ha Pink Flamingo eller Denim. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Genseren kan bestillast i fleire fargekombinasjonar enn dei som er viste i nettbutikken.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL)
Mål på plagget
Overvidde: 93 (100) 107 (114) 121 (128) cm
Heil lengde: Ca 60 cm
Ermelengde: 25 cm
Halsomkrets: 56 (57) 59 (60) 61 (62)
Strikkefastheit
14 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og rundpinnar nr. 3 ½ og 4 ½, 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Farge 2621 Beige 2 (2) 2 (3) 3 (3)
Farge 9044 Pink Flamingo, alternativt. 9041 Denim 2 (2) 3 (3) 3 (3)
Strikk med 2 trådar saman.