Informasjon
Madeira-genser er ein raglangenser strikka i to trådar saman, Rauma Finull og DROPS Kid-Silk. Genseren blir strikka nedanfrå og opp. Oppskrifta finst i 7 størrelsar, og modellen på bilda har på seg størrelse M.
Genseren er inspirert av Madeira, der fargane gir assosiasjonar til dei vakre hortensiaene som pregar øya. I skjergarden i Kristiansand finst også ei øy med namnet Madeira.Det karakteristiske mønsteret med store blomster og dekorative border gir genseren eit mjukt og el egant uttrykk. Kombinasjonen av Rauma Finull og DROPS Kid-Silk gir ein lett, lun og eksklusiv genser med vakker struktur. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanstrikk og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (111) 116 (121) 126 cm
Heil lengde: 58 (59) 61 (62) 63 (65) 67 cm
Ermelengde: 42 (44) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Halsomkrets: 44 (47) 50 (52) 55 (55) 55 cm
Strikkefastheit
19 m x 24 p glattstrikk på p nr. 4 ½ mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 ½ og rundpinne nr. 4 ½ (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Rauma Finull, 100 % norsk ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 175 meter
DROPS Kid-Silk 25, 77% alpakka, 23% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Rauma Finull
4128 Lilla melert, 200 (250) 250 (300) 300 (300) 300 g
4133 Lys rosa melert, 50 g
0401 Natur, 50 g
DROPS Kid-silk
05 Lyng, 50 (75) 75 (100) 100 (100) 100 g
09 Lys lavendel, 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50 g
01 Natur, 25 g
Alternativt garn til DROPS Kid-Silk: Dale Tynn Kidsilk Erle
4008 Mørk rose, 50 (50) 50 (75) 75 (75) 75 g
4045 Isrosa, 25 g
1001 Hvit, 25 g