Informasjon
Marviga-genser er ein florlett genser strikka i DROPS Kid Silk med holmønster langs raglanen. Genseren blir strikka ovanfrå og ned med korte, vide erme. Oppskrifta finst i 9 størrelsar, modellen på bilda har på seg størrelse M, og genseren veg berre 68 gram.
Det enkle designet og den luftige mohairkvaliteten gjer Marviga-genser til eit lett plagg som passar både på varme sommardagar og som eit mjukt lag resten av året. Holmønsteret i raglanen gir genseren eit diskret og elegant uttrykk. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanstrikk og holmønster.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 97 (102) 106 (111) 115 (120) 125 (129) 133 cm
Heil lengde: 50 (52) 54 (56) 57 (58) 59 (60) 61 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 11 cm
Halsomkrets: 58 (60) 63 (65) 67 (67) 67 (67) 69 cm
Strikkefastheit
18 masker på pinne nr. 4 = 10 cm
30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 og 4 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.
Garnmengde
Farge 27 Jeansblå 50 (50) 50 (50) 75 (75) 75 (75) 75 g
Farge 20 Lys beige, 25 (25) 25 (25) 25 (25) 25 (50) 50 g
Alternativt garn Viking kid-silk; farge 338 Sjøblå og 307 Sand/306 Beige
Andre: Rauma Plum, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid