Informasjon
Narviga-genser er ein lett og luftig raglangenser strikka med to trådar kidsilk. Genseren blir strikka ovanfrå og ned med vid hals, korte erme og dekorativt holmønster i raglanen. Oppskrifta finst i 9 størrelsar, og modellen på bilda har på seg størrelse S. Genseren veg berre 133 gram og er ein perfekt restegarnsgenser.
Ved å kombinere ulike typar og fargar av kidsilk får du eit mjukt og personleg uttrykk, og genseren eignar seg svært godt til å bruke opp restegarn. Konstruksjonen ovanfrå og ned gjer det enkelt å justere lengda undervegs. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanauking og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (110) 120 (123) 126 (130) 135 cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 13 cm
Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Kid-Silk, Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid
5 (6) 6 (6) 7 (7) 7 (8) 8 nøste. Løpelengde pr nøste 25 g = ca 200 m
Strikk med 2 trådar saman.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.
I denne oppskrifta kan det vere lurt og strikke erma før bolen, slik at du får erma mørke nok viss du bruker restegarn.
Til begge er det blanda ulike typar kidsilk, der dei mørkaste fargane kjem først.
PS! Den rosa varianten her har litt lengre erme.