Informasjon
Odal-genser er ein handstrikka raglangenser i Rauma Fivel med eit mønster inspirert av Odal-runa. Dei fem fargane og den norske ulla gir genseren eit klassisk uttrykk med tydelege røter i nordisk strikketradisjon.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Rauma Fivel. Garnet er spunne av norsk ull og gir ein varm, slitesterk og komfortabel genser som held seg fin gjennom mange års bruk.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 97 (102) 106 (111) 116 (120) cm
Heil lengde: 59 (60) 62 (64) 66 (67) cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) cm
Hals: 50 (54) 54 (54) 57 (59) cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm 21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 og 4 ½ og rundpinnar nr. 4 og 4 ½ 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Rauma Fivel, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Farge 402 mørk petrol melert, 400 (400) 400 (450) 450 (450) g
Farge 01 natur, 50 (50) 50 (100) 100 (100) g
Farge 22 mørk oransje, 50 g
Farge 303 fersken melert, 50 g
Farge 404 kobbermelert, 50 g