Informasjon
Odal-genser til barn er ein handstrikka raglangenser i Rauma Fivel med eit mønster inspirert av Odal-runa. Dei fem fargane og den norske ulla gir genseren eit klassisk uttrykk med tydelege røter i nordisk strikketradisjon.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling i Rauma Fivel. Garnet er spunne av norsk ull og gir ein varm, slitesterk og komfortabel genser som eignar seg godt til både kvardag, leik og friluftsliv.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer andre fargar eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
2 (4) 6 (8) 10 (12) år
Mål på plagget
Overvidde: 61 (66) 71 (76) 80 (85) cm
Heil lengde: 36 (40) 44 (49) 54 (56) cm
Ermelengde: 24 (27) 31 (35) 38 (40) cm
Halsomkrets: 35 (40) 42 (42) 45 (47) cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
21 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 4 og 4 ½ og rundpinnar nr. 4 og 4 ½ 40 og 60 cm
Garn og garnmengde
Rauma Fivel, 100% ull, løpelengde pr. nøste 50 gram = 100 meter
Farge 402 mørk petrol melert, 200 (250) 250 (300) 300 (350) g
Farge 01 natur, 50 g
Farge 22 mørk oransje, 50 g
Farge 303 fersken melert, 50 g
Farge 404 kobbermelert, 50 g