Informasjon
Prestø-genser er strikka i Viking Alpaca Storm. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglan. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XS til 5XL, og genseren på bilda er i størrelse XS.
Prestø har eit klassisk tofarga mønster på bol og erme som gir genseren eit tidlaust nordisk uttrykk. Viking Alpaca Storm gir ein mjuk, varm og slitesterk genser som passar godt både til kvardags og på tur. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan og fleirfargestrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL (4XL) 5XL
Størrelsar
Overvidde: 86 (91) 97 (103) 109 (114) 120 (126) 132 cm
Heil lengde: 57 (58) 61 (63) 64 (66) 67 (69) 69 cm
Ermelengde: 43 (44) 46 (47) 48 (48) 49 (49) 50 cm
Halsomkrets: 44 (44) 47 (47) 49 (49) 51 (51) 53 cm
Strikkefastheit
21 m x 27 pinnar glattstrikk på pinne 4 mm = 10 x 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne (40 cm) nr. 3 og rundpinne nr. 4 (40 og 80 cm)
Garn og garnmengde
Viking Alpaca Storm, 40 % superfine alpakka, 40 % merinoull og 20 % nylonfiber, løpelengde pr. nøste 50 g = 133 m
Farge 530 Turkis, 350 (400) 400 (400) 450 (450) 500 (500) 550 g
Farge 502 Natur, 100 g