Informasjon
Rona-genser er strikka i HOY Bæstmor, Date Night in Dublin. Genseren kan strikkast både nedanfrå og opp eller ovanfrå og ned med raglan. Oppskrifta finst i 7 størrelsar frå XS til 3XL, og genseren på bilda er i størrelse M.
Rona-genser er ein supermjuk, oversized genser med vide erme og eit avslappa uttrykk. Det mjuke garnet gir ein lun og komfortabel genser som eignar seg like godt til kvardag som kjølege sommarkveldar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar XS (S) M (L) XL (2XL) 3XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (104) 110 (116) 122 (129) 135 cm
Heil lengde: 61 (63) 64 (64) 65 (67) 69 cm
Ermelengde: 44 (46) 47 (48) 48 (49) 49 cm
Hals: 48 (48) 50 (53) 55 (55) 55 cm
Strikkefastheit
9,5 masker på pinne nr. 10 = 10 cm
14 omgangar i høgde = 10 cm
Sjekk strikkefastheita nøye!
Pinnar
Strømpepinnar nr. 8 og 10 og rundpinnar nr. 8 og 10 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Bæstmor, Date night in Dublin, 70% ull, 30 % alpakka. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 45 meter
Farge 2001 Rainbow mix, 650 (700) 750 (800) 850 (900) 950 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.