Informasjon
Sjursø-genser er strikka i to trådar DROPS Kid-Silk. Genseren blir strikka nedanfrå og opp med raglan, og har eit nydeleg holmønster i raglanfellingane. Oppskrifta finst i 9 størrelsar frå XXS til 4XL, og genseren på bilda er i størrelse M.
Sjursø-genser er ein florlett, oversized genser med mjuke fargeovergangar og eit tidlaust uttrykk. Mohair og silke gir ein lett, luftig og varm genser som passar like godt året rundt som på kjølege sommarkveldar. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglan.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (92) 96 (100) 104 (108) 112 (116) 120 cm
Heil lengde: 59 (60) 61 (62) 64 (65) 66 (67) 68 cm
Ermelengde: 41 (42) 44 (44) 46 (46) 47 (47) 48 cm
Halsomkrets: 44 (46) 46 (46) 48 (49) 50 (50) 50 cm
Strikkefastheit
20 masker på pinne nr. 3 ½ = 10 cm 30 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
DROPS Kid-Silk, 75% super kid mohair, 25% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter. Strikk med 2 trådar saman.
Garnmengde
Farge 19 Mørk grønn, 25 (25) 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50 g
Farge 37 Nordsjøen, 50 (50) 75 (75) 75 (75) 75 (75) 75 g
Farge 34 Salviegrønn, 75 (75) 75 (75) 100 (100) 100 (100) 100 g
Farge 45 Soft mint, 50 (50) 50 (75) 75 (75) 75 (75) 75 g
Merk!
I modellen på bilda er farge 37 blanda med eit multigarn på erma og litt av bolen. Dette er ikkje tilgjengeleg i dei fleste nettbutikkar, men berre i nokre fysiske. Oppskrifta her er basert på to trådar farge 37.