Informasjon
Strågenser, grøn variant, er strikka i DROPS Kid-Silk og DROPS Flora saman, og ein tråd DROPS Merino Extra Fine. Genseren er strikka nedanfrå og opp med raglan og dekorative fletter i raglanfellingane. Stråmønsteret på bolen går over 28 omgangar, medan resten av genseren hovudsakleg er glattstrikk. Oppskrifta finst i 6 størrelsar frå XS til XXL, og modellen på bilda har på seg størrelse M.
Strågenseren er inspirert av strå som vaiar i vinden og har eit enkelt uttrykk der mønsterborda får stå i sentrum. Kombinasjonen av DROPS Flora, DROPS Kid-Silk og DROPS Merino Extra Fine gir ein mjuk, lett og varm genser med eit fint fargespel og tydeleg mønster. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i flettestrikk, raglan og mønsterstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk og engelsk.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 88 (95) 103 (111) 118 (126) cm
Heil lengde: 57 (59) 61 (62) 65 (68) cm
Ermelengde: 42 (44) 46 (46) 47 (47) cm
Halsomkrets: 42 (46) 48 (50) 50 (50) cm
Strikkefastheit 21 masker på pinne nr. 4 ½ = 10 cm 22 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinnar nr. 3 ½ og 4 ½ på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
DROPS Flora, 65% ull, 35% alpakka. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 210 meter
DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 23% silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter
DROPS Merino, 100 % merino extra fine. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 105 meter
DROPS Flora
Farge 32 mørk grønn, 200 (250) 250 (250) 300 (300) g
DROPS Kid-Silk
Farge 19 mørk grønn, 100 (125) 125 (125) 150 (150) g
DROPS Merino extra fine
Farge 07 taupe, 50 (50) 100 (100) 100 (100) g