Informasjon
Tresse-genser er ein handstrikka raglangenser med halvlange erme i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Den enkle glattstrikken blir kombinert med elegante flettedetaljar i vrangbordane, noko som gir genseren eit klassisk og tidlaust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Den mjuke blandinga av mohair, silke og ull gjer plagget lett, varmt og behageleg å ha på. Dei halvlange ermene gjer genseren svært anvendeleg frå vår til haust, og han passar like godt til jeans som til skjørt eller kjole.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 89 (94) 99 (104) 108 (113) 118 (122) 127 cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 23 cm
Halsomkrets: 56 (59) 59 (59) 62 (62) 62 (65) 65 cm
Strikkefastheit
17 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Farge 9082 Klarrød 4 (4) 4 (5) 5 (5) 6 (6) 7
Strikk med 2 trådar saman.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.