Informasjon
Trollholmen-genser er ein mjuk og varm raglangenser strikka nedanfrå og opp i Viking Alpaca Bris. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen.
Det vakre nordisk inspirerte mønsteret rundt berestykket blir strikka i to kontrastfargar og gir genseren eit klassisk uttrykk. Viking Alpaca Bris gir eit lett og luftigt plagg som er varmt utan å kjennast tungt. Genseren passar like godt til kvardags som til turar og kjølege dagar gjennom store delar av året. Ved hjelp av garnveljaren kan du velje dine eigne favorittfargar.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) XXL
Mål på plagget
Overvidde: 88 (96) 105 (114) 122 (131) 140 cm
Heil lengde: 56 (59) 61 (63) 64 (67) 69 cm
Ermelengde: 42 (45) 46 (47) 47 (48) (49) cm
Halskant: 43 (45) 47 (48) 49 (49) 50 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 6 = 10 cm
19 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnestørrelsen er berre rettleiande.
Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinne. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinne.
Pinnar
Strømpepinne nr. 4 ½ og 6 på rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Viking Alpaca Bris, 60% baby alpaca, 11% merinoull, 29% nylon. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 150 meter
Alternativt garn til Viking Alpaca Bris er DROPS Air.
Garnmengde
Farge 306 Sand, 250 (300) 300 (350) 350 (350) 400 g
Farge 361 Rosa, 50 g
Farge 362 Cerise, 50 g
NEDANFRÅ OG OPP
Her begynner du med bolen, strikkar erma og sett saman alle delane. Så strikkar du raglan med alt arbeidet på same pinne og avsluttar med halskanten.