Informasjon
Trysfjorden-genser er ein handstrikka raglangenser i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle med fletter over heile plagget. Den høge halsen og det klassiske flettemønsteret gir genseren eit elegant og tidlaust uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Blandinga av mohair, silke og ull skaper eit lett, varmt og mjukt plagg med eit vakkert fall. Flettemønsteret opnar seg naturleg ved bruk og gir genseren eit levande uttrykk. Genseren passar like godt til kvardags som til skjørt eller kjole og kan brukast gjennom store delar av året.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget liggande flatt
Plagget blir litt vidare i bruk enn måla tilseier, sidan flettene opnar seg
Overvidde: 78 (82) 86 (90) 93 (97) 101 (104) 108 cm
Heil lengde: 61 (62) 63 (64) 66 (67) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm
Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm
Strikkefastheit
21,5 masker med flettemønster på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
20 omgangar i høgde = 10 cm
PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter
Farge 2621 Beige 6 (6) 6 (6) 6 (7) 7 (7) 7 nøste
Strikk med 2 trådar saman.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.