Informasjon
Trysfjorden-genser er ein klassisk raglangenser med fletter, strikka ovanfrå og ned i dobbel tråd Dale Kidsilk Erle. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen.
Det vakre flettemønsteret gir genseren eit elegant og tidlaust uttrykk. Den mjuke blandinga av mohair, silke og ull skaper ein lett, varm og behageleg genser som blir endå finare i bruk når flettene opnar seg. Genseren passar like godt til kvardags som til meir pynta høve. Ved hjelp av garnveljaren kan du velje din eigen favorittfarge.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget liggande flatt
Plagget blir litt vidare i bruk enn måla tilseier, sidan flettene opnar seg
Overvidde: 78 (82) 86 (90) 93 (97) 101 (104) 108 cm
Heil lengde: 61 (62) 63 (64) 66 (67) 68 (70) 71 cm
Ermelengde: ca 41 (45) 45 (45) 45 (45) 45 (49) 49 cm
Halsomkrets: 44 (48) 48 (48) 52 (52) 52 (56) 56 cm
Strikkefastheit
21,5 masker med flettemønster på pinne nr. 4 ½ = 10 cm
20 omgangar i høgde = 10 cm
PS! Genseren verkar ikkje så stram som strikkefastheita tilseier, sidan flettemønsteret gjer at arbeidet vider seg ut i breidda ved bruk.
Pinnar
Strømpepinne nr. 3 ½ og 4 ½ og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn og garnmengde
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter
Farge 2621 Beige 6 (6) 6 (6) 6 (7) 7 (7) 7 nøste
Strikk med 2 trådar saman.
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.