Informasjon
Urviga-genser er ein festfin og lett genser med vid hals og dekorativt holmønster i raglanen. Genseren blir strikka ovanfrå og ned i Dale Kidsilk Erle og Dale Bling effektgarn, og er eit perfekt prosjekt for å bruke opp restegarn. Oppskrifta finst i ni størrelsar, og genseren på bildet er i størrelse XS.
Den luftige kombinasjonen av mohair, silke, ull og glittertråd skaper eit eksklusivt og lett plagg med eit diskret skimmer. Den vide halsen og dei halvlange ermene gjer Urviga-genser perfekt til sommarfestar, varme haustkveldar eller over ein kjole når du ønskjer eit elegant lag. Oppskrifta passar for strikkarar med litt erfaring i raglanauking og glattstrikk.
Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.
Størrelsar
XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL
Mål på plagget
Overvidde: 95 (100) 105 (110) 120 (123) 126 (130) 135 cm
Heil lengde: 56 (58) 60 (62) 63 (64) 65 (66) 67 cm eller valfri lengde
Ermelengde: 22 cm
Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm
Strikkefastheit
16 masker på pinne nr. 4,5 = 10 cm
24 omgangar i høgde = 10 cm
Pinnar
Strømpepinne nr. 3,5 og 4,5 og rundpinnar 40 og 80 cm
Garn
Dale Kidsilk Erle, 56 % mohair, 26 % silke og 18 % ull. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 325 meter.
Dale Bling, 100 % polyester. Løpelengde pr. nøste 50 gram = 350 meter
Strikk med 2 trådar saman. Når du strikkar med Dale Bling, strikkar du med 2 trådar Dale Kidsilk Erle også = 3 trådar.
Garnmengde
Farge 0020 Ubleket hvit, 50 g
Farge 2621 Beige, 50 (50) 50 (100) 100 (100) 100 (100) 100
Farge 3502 Lys grå, 100 g
Farge 701 Grå, Bling effekttråd, 50 g
Alternativt garn: DROPS Kid-Silk, Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Kremke silky kid
OVANFRÅ OG NED
Her begynner du med halsen, strikkar raglan og deler arbeidet i erme og bol når raglanen er ferdig. Så strikkar du bolen ferdig først, deretter erma.
Om garnmengde og fargeinndeling:
Genseren på bildet er strikka i størrelse XS og vekta er ca. 175 gram. For størrelse M og oppover er 5 nøste Dale Kidsilk Erle á 50 gram nok, uavhengig av lengde og fargeinndeling.
Dette er ein perfekt genser til restegarn, og det er ikkje så nøye kor mange centimeter kvar farge utgjer. Du kan gjerne bruke det garnet du har, og avslutte bol og erme med dei fargane det er mest att av. Fargevala i oppskrifta er berre rettleiande og baserte på eksempelet over.