Hopp til innhold

Frakt 99,- | Rask levering

Varodden-genser (strikkepakke)

299,-

Størrelser

Rask levering
Fast fraktpris
Kvalitetsprodukter

Informasjon

Varodden-genser er ein florlett genser med vid hals og dekorativt holmønster i raglanen, strikka ovanfrå og ned i DROPS Kid-Silk. Strikkepakka inneheld digital oppskrift og garn til den valde størrelsen.

Den lette mohair- og silkeblandinga gir eit eksklusivt plagg som nesten ikkje veg noko, men som likevel gir god varme. Genseren passar perfekt over ein kjole, til sommarkveldar eller når du ønskjer eit lett og elegant plagg året rundt. Med garnveljaren kan du setje saman akkurat den fargekombinasjonen du ønskjer.

Oppskrifta er tilgjengeleg på norsk, engelsk, tysk, dansk og svensk.

Størrelsar

XXS (XS) S (M) L (XL) 2XL (3XL) 4XL

 

Mål på plagget

Overvidde: 97 (102) 106 (111) 115 (120) 125 (129) 133 cm

Heil lengde: 52 (54) 56 (58) 59 (60) 61 (62) 63 cm eller valfri lengde

Ermelengde: 12 cm  

Halsomkrets: 62 (64) 67 (69) 71 (71) 71 (71) 73 cm

 

Strikkefastheit

18 masker på pinne nr. 4 = 10 cm

30 omgangar i høgde = 10 cm

 

Pinnar

Strømpepinne nr. 3 og 4 og rundpinnar 40 og 80 cm

 

Garn og garnmengde

DROPS Kid-Silk, 75 % super kid mohair, 25 % silke. Løpelengde pr. nøste 25 gram = 200 meter.

 

Farge 32 Bringebær, 25 g

Farge 14 Rød, 25 (25) 25 (25) 50 (50) 50 (50) 50

Farge 54 Lys sand, 25 g

 

Alternativt garn: Rauma Plum, Viking kidsilk, Filcolana Tillia, Isager silk mohair, Sandnes tynn silk Mohair, Dale kidsilk Erle, Kremke silky kid

 

 

OVANFRÅ OG NED

Du begynner med halsen og strikkar raglan. Når raglanen er ferdig, deler du arbeidet i erme og bol.

I denne oppskrifta løner det seg å bytte rekkjefølgje og strikke ermene før bolen, slik at du får utnytta garnet i farge 32 best mogleg:
Då kan du bruke eitt nøste i farge 32 til begge ermene, og resten av garnet i denne fargen til bolen. Slik får du mest mogleg ut av garnet – og unngår å gå tom før erma er ferdig.

Instagram-feed

Koble til Instagram for å vise feed