Informasjon
Voie-genser er ein handstrikka chunky raglangenser i Lieve Mondial. Dei mjuke fargeovergangane og det enkle mønsteret gir genseren eit moderne og leikent uttrykk.
Kvar genser blir handstrikka på bestilling. Lieve Mondial gir ein lett, luftig og mjuk genser som kjennest behageleg mot huda og varmar godt. Voie-genser eignar seg like godt til kvardags som til kjølege kveldar, og blir eit blikkfang uansett kor du brukar han.
Genseren kan bestillast i fleire fargar enn dei som er viste i nettbutikken. Ta gjerne kontakt dersom du ønskjer ein annan farge eller har spørsmål om leveringstid.
Størrelsar
XS (S) M (L) XL (XXL)
Mål på plagget
Overvidde: 98 (105) 113 (120) 128 (135) cm
Heil lengde: 61 (63) 65 (66) 68 (70) cm
Ermelengde: 42 (44) 45 (46) 47 (48) cm
Halsomkrets: 48 (50) 50 (55) 55 (55) cm
Strikkefastheit
16 m x 20 pinnar på pinne 5 mm = 10 x 10 cm
Merk: Pinnestørrelsen er ein rettleiar. Får du for mange masker på 10 cm, bytt til ein større pinnestørrelse. Får du for få masker på 10 cm, bytt til ein mindre pinnestørrelse.
Pinnar
Strømpepinnar og rundpinne nr. 5 (40 cm og 80 cm)
Garn og garnmengde
Lieve Mondial, 90 % kid mohair, 10 % mikrofiber, løpelengde pr. nøste 50 gram = 140 m
426 Natur, 150 (150) 150 (200) 200 (200) g
77 Cerise 50, (50) 100 (100) 100 (100) g
74 Lys beige, 50 g
337 Gammelrosa, 50 g
398 Rosa, 50 g